Gå tilbake til arkivet

FOTO-ORIENTERING
I Sveio sentrum og i Førde har me tatt 9 stk foto frå ulike stader og detaljer rundt i bygda. Bildene er nummererte frå 1 til 9 på framsida av arket, som ligg i konvolutten. På baksida av arket finn du kart over høvesvis Sveio sentrum eller Førde med innteikna 9 postar, som har fått kvar sin bokstav frå dei ni første bokstavane i alfabetet. Ved å besøkja postane skal du finna ut kor dei ulike bildene er tatt og kobla rett tall til rett bokstav. Det heng ingen postflagg på den avmerka posten på kartet. Lukke til.
Kulturminnepostar
Fleire stader ute i terrenget vil du finna postar som er ustyrte med info om tidlegare tiders hendingar, bruk og innretningar. Dette gjeld postar som er plasserte i nærleiken av stader som det knyter seg kulturhistorisk interesse rundt. På desse postane vil du finna eit oppslag med historisk informasjon som kan bidra til å auka verdien av turen.

Tur-o via internett
Sveio O-lag har dei tr siste sesongane kunna tilby deltakarkort på internett. På internett kan du sjå og lesa om heile tilbodet som ligg i konvolutten på utalsstadene. På nettet kan du registrera dine besøk på postane. Du kan jamvel printa ut kart med postar via nettsida. Gjer du registrering av postbesøk på nettet kan det tradisjonelle kontrollkortet i papir nyttast som ein kladd eller noteringsark. Når du kjem heim etter turen kan du gå inn på nettet, registrera deg som brukar og leggja inn kva postar du har besøkt. Sjå nøyaktig bruksanvising og framgangsmåte for innlogging på nettsida vår: www.sveiool.org
Guiden finner du her

Finn Fram dag for heile familien på Prestabryggjo/Strando søndag 31. august

Vassbakk & stol, Avdeling Hinderlid

Kiwi

Fjon Bruk AS