Joavatnet rundt
Gardane i Førde fekk også utført maling av korn og skjering av tømmer på Lier-saga. Ferdigskoren material måtte berast på ryggen opp til Joavatnet, bindast saman i flåtar, som deretter blei slepte etter ein flatbotna robåt til nordenden av Joavtanet, Sponavika.
å få tømmeret frå Joavatnet, over dei glatte og bratte berga og ned til saga før skjering til plank og bord, kunne vera eit livsfarleg arbeid. Mange fine rasteplassar i området mellom Joavatn og Liervatn. Rundturen kan halda fram på sti til grusvegen, Liervegen, som føl Joavatnet nordover til Røykenes-vegen/ålfjord-vegen.