Jubel og jubileum etter årets o-sesong

Av Kristian den 16.12.19
Jubilantar og plakettvinnarar under årsfesten til Sveio O-lag: Frå venstre Ole Daniel Eidsvåg, Endre Hetlesæter og Kjell Sandaker. MJubilantar og plakettvinnarar under årsfesten til Sveio O-lag: Frå venstre Ole Daniel Eidsvåg, Endre Hetlesæter og Kjell Sandaker.

Det blei mykje applaus og jubel for dei mange plakett- og merkevinnarane under Sveio O-lag sin årsfest som avslutta tur-o-sesongen 2019.

Den aller gjevaste prisen gjekk til Ole Daniel Eidsvåg som i 25 sesongar på rad har orientert seg fram til minst 50 tur-o-postar kring i ymse terreng i Sveio. Eidsvåg blei tildelt 25-årsplaketten for sin jamne innsats på høgt nivå gjennom alle desse åra.
Det står og stor respekt av innsatsen til den monaleg yngre plakettvinnaren, Endre Hetlesæter, som med sine 18 år truleg er ein landets yngste vinnarar av 15 års-plaketten. Det tyder at han har tatt seg fram i skog og kratt over myr og langs stiar til minst 50 postar kvar sesong. Ein bør starta i ung alder som ein god orienterar vil bli.
Plaketten for å ha nådd opp til gullmerke i 15 sesongar gjekk under årsfesten i Førde samfunnshus også til Kjell Sandaker.
Tre deltakarar blei heidra med fem-års-plaketten. Det var Elisabeth Hauge Bakke, Jana-Elena Koser og Oddmund Svartveit.
Sveio O-lag har hatt brei deltaking gjennom årets tur-o-sesong der til saman 115 postar kunne ta imot besøk. Ved sesongslutt hadde laget registrert meir enn 6000 postbesøk.

Sjå merkevinnarar for 2019

Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:
Kurs i kart og kompass
Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008