Ny klubbdrakt

Av Kristian den 06.04.09

Klubbdrakt


For første gong på 35 år kan Sveio O-lag i år tilby medlemmene ny klubbdrakt. Det blir ein overtrekks/treningsdress, jakke og bukse. Den blir utforma i topp kvalitet. Jakka vil sjå ut som på bilete. Buksa er svart. Øverst på ryggen skal stå med raude bokstavar, ”Sveio Orienteringslag”. I front øvst på venstre bryst skal stå påtrykt Sveio O-lags emblem. På høgre bryst kjem to sponsorlogoar.
Mange av Sveio O-lags medlemmer har alt gripe sjansen og tinga klubbdrakta og prøvd seg fram til rett storleik. Dei som ennå ikkje har tinga lagsdressen har framleis ein sjanse ettersom me har tinga nokre ekstra fra fabrikken. Dressen vil truleg bli levert til klubben i løpet av april. Ettersom dressen er av høg kvalitet blir den relativt kostbar i innkjøp, men medlemsprisen er kr 500 for vaksne (over 16 år) og kr. 300 for barn fra og med 16 år og under.
Kravet er at alle som kjøper dressen må ha betalt medlemskap i Sveio O-lag for 2009.
Sjå her for korleis bli medlem
Spørsmål og bestilling av den nye lagsdressen kan rettast til Thomas Førde 95 88 63 76.
Følg med på nettsida vår og les når og kor lagsdrakta kan hentast.
KiwiGilde


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008