Logo
Bli medlem i Sveio Orienteringslag!
Laget har hatt fin auke i medlemstalet i dei siste åra. Medlemstalet er heilt avgjerande om laget skal kunne vinna i kampen om pengar og ressursar, enten det er kommunale, andre offentlege midlar eller idretten sine eigne midlar. Storleik målt gjennom medlemstal er ofte heilt avgjerande. Nye pengar og ressursar vil me nytta til å utvikla laget vidare,  i første rekke gjennom å investera i nye o-kart.
 O-kart er denne sporten sine idrettsanlegg. Nye o-kart over nytt terreng gjer opplevingane innan turorientering og konkurranseorientering nye og spennande.

NB! Når du teiknar medlemsskap for deg sjølv og/eller for andre i din familie, hugs på, enten du betalar i nettbank eller over skranke i bank at det er  viktig at du skriv på bankgiroen namn på alle i familien som medlemskapet omfattar. (Idrettsforbundet sine lovar krev namn på kvart einskild medlem i eit idrettslag).


Medlemskap turorientering:
Familie: 200,-
Vaksne: 100,-
Barn: 50,-
kontonr: 3506.22.52055

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008