Heider og ære til dei ivrigaste i skogen
Av Kristian den 26.01.10
Sveio Orienteringslag kan summera opp enda ein sesong med stor oppslutnad rundt laget sine ymse tilbod med turorientering.
- Ekstra gledeleg i fjorårssesongen var at fleire born enn tidlegare nytta tilbodet, Barnas tur-o, seier leiaren i Sveio O-lag, Thomas Førde.
20 enkle postar var sette ut i terrenget nær skulane i Førde og i Auklandshamn og ved Fjellstad . Alle desse postane er blitt godt besøkte. Fleire av dei unge deltakarane har vore innom alle postane gjennom sesongen og vil bli påskjøna med gullmerke under Sveio O-lags årsfest .
I fjorårsesongen inviterte Sveio O-lag andre friluftslag i Sveio til felles familiedag ute i det fri, den såkalla Finn Fram dagen. I 2009 var dette arrangementet lagt til Liereid på ein strålande sommardag med glitrande tiløve i strandkanten og langs stiar innover i skogen.
- Sveio Orienteringslag er nå i gong med planlegging av ein ny sesong med turoreintering for heile familien. Nye turområde blir tatt med i årets tilbod, seier Førde
Merkevinnere turorientering 2009