G tilbake til arkivet

NB!    Nytt av året : FOTO-ORIENTERING       NB!
Som ein prøve har me tatt 9 stk foto frå ulike stader og detaljer rundt i Førde-bygda. Bildene er nummererte frå 1 til 9 på framsida av arket, som ligg i konvolutten. På baksida av arket finn du kart over Førde med innteikna 9 postar,  som har fått kvar sin bokstav frå dei ti første bokstavane i alfabetet. Ved å besøkja postane skal du finna ut kor dei ulike bildene er tatt og kobla rett tall til rett bokstav. Det heng ingen postflagg på den avmerka posten på kartet. Lukke til.
Kulturminnepostar
Fleire stader ute i terrenget vil finna postar som er ustyrte med info om tidlegare tiders hendingar, bruk og innretningar. Dette gjeld postar som er plasserte i nærleiken av stader som det knyter seg kulturhistorisk interesse rundt. På desse postane vil du finna eit oppslag med historisk informasjon som kan bidra til å auka verdien av turen.

Egil Loknas logo

Kontrollkort på internett
Sveio O-lag kunne i fjor for første gong tilby kontrollkort på internett. Tilbodet vart populært. I år håpar me at enda fleire registrerer seg og legg inn alle besøkja på Tur-o-postane på nettet. Det tradisjonelle kontrollkortet i papir kan i så fall nyttast som ein kladd eller noterinsgark. Når du kjem heim etter turen kan du gå inn på nettet, registrera deg som brukar og leggja inn kva postar du har besøkt. Sjå meir info med adresse for pålogging på Sveio O-lag si heimeside: www.sveiool.org
Finn Fram dag for heile familien på Festningen Tittelsnes søndag 19. juni med aktivitetsløype, premiar og sal av mat og drikke. Området rundt Festningen og terrenget nordover mot Røysanes på nordspissen av Sveio kommune var i fjor eit heilt nytt området for turorientering. 
Flott område ved sjøen innbyr til grilling og bading. Fleire organisasjonar har meldt seg på for å delta i friluftsmønstringa denne dagen, kor det også blir instruksjon i bruken av kart og kompass.

 

Catering spesialisten
Tlf.  52 72 15 17,   Tittelsnesvegen 6, 5515 Haugesund

 

Kiwi

Fjon Bruk AS

Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2019 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
35      01
3602030405060708
3709101112131415
3816171819202122
3923242526272829
4030
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: