Skulesprint for 50 elevar

21.06.11
Skulesprinten 2011
Mandag 20. juni deltok meir enn 50 elevar i mellomtrinnet (5. , 6. og 7. klasse) ved Førde skule i Sveio O-lags skulesprintarrangement. Det var laget sine ungdommar, Johannes, Kristian og Bjørnar som stod for det sportslege og faglege innhaldet. Dei fekk god funksjonærstøtte frå Unn og Lillian i o-lagets styre. Lærarar blei også engasjerte på funksjonærsida.
Aktivitetsdagen opna med ein halvtimes teoriundervising om kart og kompass. Deretter gjekk elevane klassevis til kvar sin aktivitetsstasjon langs ei rundløype. På den eine stasjonen blei elevane gjort kjent med kart gjennom kartteikn-stafett.
Dertter kunne denne gruppa flytta seg til neste stasjon som utfordra elevane gjennom ei hinderløype med tidtaking ved hjelp av databrikker.
På den tredje aktivitetsposten, som klassane skulle besøkja, var tilbodet stjerneorientering. Det går ut på at deltakarane får teikna inn ein post på kartet. Posten skal dei deretter ut i terrenget for å finna. Når posten er funnen ved hjelp av navigasjon etter kartet, skal deltakaren tilbake til utgangspunktet å få teikna inn ein ny post på kartet.
Aktivitetsdagen blei avrunda med ei enkel o-løype, som alle elevane kunne delta i og dermed få testa nyvunne kunnskapar om kart og kompass.
Til sist blei alle premierte med saft og pølser i brød. Dessutan vanka det ein deltakarpremie til kvar einskild elev frå Norges Orienteringsforbund.

Sjå fleire bilete frå Skulesprinten til 9. klasse og mellomtrinnet her



Godver over skulesprinten

15.06.11
Lunch i Skulesprinten 2011

Veret snudde frå noko som likna på stormande søkkvåt sein haust til sommar over natta. Heldigvis var Sveio O-lags skulesprintarrangement på rett side av denne snuoperasjonen.
30 elevar i 9. klasse ved Førde ungdomsskule, saman med fire lærarar og skuletilsette, tok sykkeltur til Lier der fire av o-lagets medlemmer hadde gjort klart for ein heil aktivitetsdag i orientering.
Dagen opna med litt teori om kart og kartteikn. Deretter blei elevflokken delt inn i tre grupper. Kvar gruppe gjekk til sin aktivitetspost. Gruppene rullerte rundt til dei tre ulike stasjonane på ei rundløype i terrenget.
Dei tre aktivitetane var stjerneorientering, hinderløype med tidtaking i søkkvått skogsterreng og Følg-John. Denne sistnemnde øvinga går ut på at elevane følgjer etter ein leiar rundt i terrenget. Når leiaren stoppar skal elevane straks kunne peika på kartet og fortelja kvar ein har stoppa.
Midt på dagen spanderte o-laget nygrilla pølser i brød til alle deltakarar og skuletilsette.
Etter ei kort matpause vart det rigga til eit avsluttande orienteringsløp med med seks postar. Her kunne elevane springa i par eller saman med to andre medelevar. Alle fullførte.



Ungdom laga skulesprint

11.07.10
Spurt inn til mål


Tre av Sveio O-lags ungdommar, Kristian, Sunniva og Bjørnar planla og gjennomførte årets skulesprintarrangement for 4 til og med 7. klasse på Førde skule.
På arrangementsdagen fekk dei god hjelp av Lillian Wirkola og av lærarar og andre tilsette ved Førde skule.
O-dagen ved Førde skule onsdag starta med generell innføring om kart og karteikn. Deretter blei alle dei 75 elevane inndelt klassevis slik at kvar klasse etter tur besøkte ein aktivitetspost langs ei rundløype. Aktivitetspostane var hinderløype med tidtaking, karteiknstafett og litt utfyllande teori om kartet, stjerneorientering og ”Følg John”.
I lunsjpausen var grillen rigga til og O-laget serverte nygrilla pølser i brød med saft attåt. Eit særs populært tiltak. O-dagen ved Førde skule blei avslutta med eit o-løp som hadde start ved banken ned i sentrum av Førde og mål på skulen.
O-løypa kunne elevane springa gjennom enten to og og to saman eller individuelt. Ved målpassering fekk alle utdelt årets skulesprintpremie.



Skulesprint i sommarver

09.06.10
O-teknisk introduksjon i starten

I flott forsommarver inviterte Sveio O-lag sine ungdommar 9. klassen ved Førde skule til ein heil O-dag ute i det fri. Dagen starta med teoretisk innføring i bruken av kart og kompass. Deretter blei 9. klassen delt inn i tre grupper som sirkulerte mellom tre ulike aktivitetsstasjonar. På den eine stasjonen var utfordringa stjerneorientering kor deltakarane fekk innteikna ein post på kartet som dei skulle finna ute i terrenget. Når posten var funnen måtte deltakaren inn til stasjonen og få ny oppgave.
På neste arbeidsstajson var oppgåva hinderløp mellom anna gjennom eit tjukt brakafelt. Her var det tidtaking og innsatsen var heilhjarta for å oppnå bestetida.
Ved trejde arbeidstasjon skulle elevane delta i kartteiknstafett og deretter følgja oppgaveleiaren rundt i terrenget i ei øving kalla "Følg John". Alle deltakarane laut heile tida følgja med på kartet kor ein flytta seg i terrenget for å kunne slå fast ved kvart stopp kor ein var i høve kartet.
I matøkta blei det servert nygrilla pølser. Etter litt kvile kunne elevane prøva det dei hadde lært i ei enkel o-løype med tidtaking.
Sjå fleire bilete frå Skulesprinten her



To gonger o-dag i skulen

24.06.08
Sjå bilete frå dagane her
9. klasse på Gildesprinten 2008

Gildesprinten blei til to heile aktivitetsdagar ved Førde skule. To av ungdommane i laget, Johannes og Sunniva, hadde ansvaret for planlegging, førebuing og gjennomføring begge dagar. Andre medlemmar i laget ytte viktige og avgjerande bidrag som tilretteleggarar og funksjonærar på ymse vis. Viktig innsats ytte også lærarar ved Førde skule.

Torsdag 12. juni samlast 9. klasse til O-dag og Gildesprint på Lier. Johannes heldt innleiingsvis ei økt med teori om kartteikn og forståing av kartet.
Denne økta blei avrunda med kartteiknstafett, der elevane fekk prøva si forståing for litt av det dei lærte i teoriøkta.
Deretter blei klassen på om lag 25 stk delt inn i grupper som fordelte seg på tre ulike stasjonar i terrenget.

| Heile historien |
Full fart gjennom myr og brakje av Kristian i kategori Skulesprinten 19.06.06
Suksess med Gilde-sprinten i Førde av Kristian i kategori Skulesprinten 14.06.05
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008