Kulturminnepostar 2014

«Lensmannshytta»

Hytta, som ligg rett sør for denne posten, like ved Liervatnet, var ein topp hemmeleg, men svært viktig gøymestad og møteplass for personar som deltok i motstandskampen mot tyskarane i andre verdskrigen. Hytta var eigd av Styrk Fjærtoft. Han var ein framifrå balansekunstnar, som var både lensmann og dermed ein del av det tyske regimet og samtidig ein av leiarane av motstandsarbeidet (Milorg) i Sunnhordland. Hytta ved Liervatnet vart ikkje merka av på kartet då tyskarane ville ha kart og liste frå lensmannen over alle hus og hytter i Sveio. I desember 1944 sette det tyske hardbalne militærpolitiet Gestapo i gang med arrestasjon av sentrale folk i motstandsarbeidet på Bjoa. 10-12 personar kom seg unna og flykta over ålfjorden til Røykenes og kom seg etterkvart fram til gøymestaden Lensmannshytta ved Liervatnet. Mange motstandsfolk i bygda blei engasjert i løynd til å skaffa mat til gjengen som måtte løyna seg i hytta. I denne gjengen var mellom andre mannen bak den berømte Arquebus-sendaren, Sverre K. Andersen. Han var offisielt dreng på garden Eikås i Bjoa og samtidig hemmeleg telegrafist på fritida. Frå gøymestaden i hytta ved Liervatnet heldt Arquebus-telegrafisten framleis kontakt med den norske heimefrontleiinga i London. Kvardagen for flyktningane ved Lier- vatnet kunne vera vanskeleg. Nabolaget måtte til dømes ikkje sjå at det rauk av skorsteinen om dagen. Det kunne dermed bli iskaldt i hytta denne lange kalde krigsvinteren. I tre veker gøymde Bjoa-gjengen seg i Lensmannshytta. Dei laut feira både jul og nyårshelg ved breidda av Liervatnet før dei fleste i gjengen ei mørk januarnatt blei smugla om bord i ei skøyta ved kai i Førde. Nokre dagar seinare var dei trygt i hamn i Lerwick på Shetland etter ein strabasiøs tur over Nordsjøen. ./. I april 1945 var lensmannshytta ein viktig møteplass for mange sentrale folk i Milorgleiinga på Sørvestlandet. Her blei planar lagt for korleis ein skulle organisera overtakinga av landet når tyskarane snart kom til å gi opp. Men ein av dei første dagane i mai gjekk alarmen . Ein sentral milorg-mann, som ved fleire høve hadde vore i hytta, blei arrestert av Gestapo i Stavanger. Hytta laut straks evakuerast og alle spor slettast. Ein frykta Gestapo-aksjon ved Liervatnet. Men Lensmannshytta blei aldri funnen av det tyske hemmelege politiet. 8. mai 1945 gav tyskarane opp okkupasjonen av Norge. Lensmannshytta er nå i Fjærtoft-familien si eiga. (Kjelde: "Sveio i krig" av Torleiv Høgestøl)

Lyspunkt under det tragiske forliset med dampskipet «Thor» Berget livet

August Bauer-Nilsen (07.03.1891- 03.12.1961)strong> I slutten av februar 1906 gikk dampskipet «D/S Thor» nordover fra Haugesund for å ise sild. (Ising betyr at man la fersk nyfanget sild i kasser med is mellom lagene for at silda skulle holde seg.) Skipet (D/S Thor) la seg til ved Lyngholmen i Sveio, rett inn fra fangstfeltene ved Sletta, det åpne havstykket mellom Haugesund, Sveio og Bømlo. Sammen med «D/S Thor» var dampskipet «D/S Steinar» og et tredje dampskip fra Nordland. Tidlig om morgenen den 1. mars brøt det løs en voldsom storm fra nordvest. Sjøen stod som i et kok. «D/S Steinar» og nordlandsdamperen greide å komme seg ut i åpent farvann. Men «D/S Thor» drev mot land. Skipet fikk revet opp hull i skroget og sank. Folkene om bord i «D/S Steinar» skal ha hørt rop og skrik, men kunne ingenting gjøre for hjelpe sine kolleger om bord i «D/S Thor». I alt 39 mennesker omkom. 11 av de omkomne var «D/S Thors» eget mannskap og 28 omkomne var blant mannskapet som jobbet med ising av sild om bord. Bare to mennesker frå «D/S Thor» berget livet, en fra hvert av mannskapene. Blant de to overlevende var August Bauer-Nilsen. August var ennå ikke fylt 15 år da han måtte slåss for livet i brenningene ved Lyngholmen. Dette skriver historiker Reidar østensjø om i Haugesunds bys historie. (Bind nr 3, som omhandler perioden fra 1896 til 1913, sidene 42 og 90).

BøRSHOVDA

På toppen av dette fjellet, som ragar 189 meter over havet, skal ha lege ei bygdeborg i Folkevandringstida. Bratte skrentar og til dels stup på fleire sider av toppen gjorde borga vanskeleg å innta og dermed lett å forsvara og kontrollera mot inntrengjarar. Kanskje du kan finna restar etter bygdeborga om du tar turen heilt til topps... Dette står å lesa på nettsida Cumulus Lærerressurs: Bygdeborger og folkevandringstida Bygdeborg En bygdeborg er et menneskelaget forsvarsanlegg fra perioden 400 til 600 e. Kr. Dette er den perioden vi kaller for folkevandringstiden ( perioden fra 400 til550 e.Kr). Fysisk ble bygdeborgene anlagt på steder som fra naturens side var lette å forsvare. Det vil si på knauser, åskammer og berg med bratte sider. Noen av bygdeborgene lå også på øyer eller på sentrale steder i en bygd, der det for eksempel var god utsikt. Bygdeborgene var ofte konstruert slik at det var lett å ta seg inn fra en side. Borgen var ofte forsterket med murer og i noen tilfeller også palisader av tre. Dette gjaldt særlig den siden der det var lett å ta seg inn. Noen av borgene hadde enkle konstruksjoner, mens andre hadde flere murer i ulike forsvarssystemer rundt borgen. I og med at borgene tok utgangspunkt i naturens form, varierte de i størrelse og omfang. Noen av borgene var store og kunne ha plass til både mennesker og dyr fra ei hel bygd. Andre var små og ble mer brukt til et tilfluktsrom for en storgård eller et fåtall gårder. Man har i dag registrert over 300 bygdeborgene i Norge. Disse finnes over hele Norge, fra Agder fylkene i sør til Harstad i Troms Man har imidlertid registrert flere borger i de områdene der forholdene for jordbruk var best og der befolkningstettheten var høyest. På Vestlandet og i områdene i nord er det derfor registrert færre bygdeborger.

Dødsulukka i Gramshaugtjødna

Gramshaugtjødna eller "Tjødno" som den er kalla og som ligg like nedanfor posten her, har i tidlegare år med kalde vintrar og trygg is vore mykje brukt til fysisk aktivitet. Mange som er oppvaksen på Tittelsnes har gode minne frå leik og moro her vinterstid. Men det finst og eit trist minne. Det ligg nær hundre år tilbake i tid. To gutar skulle ut i neset og henta smalen På Tjødno låg tynn is. Isen måtte prøvast. Den eine av gutane fall gjennon og drukna. Ei nabokone, som og var og såg etter sauene, såg det som hende ute på isen. Ho skunda seg heim og fekk varsla to vaksne menn, Lars Brudvig og Peder økland. Dei drog ein båt opp i Tjødno, fann ei lang stong og batt ein fiskeongel på enden. I holet der guten var gått gjennom, stakk dei stonga ned og ongelen huka seg fast i kleda til guten. Det vart prøvd med oppliving, men utan nytte. Guten heitte Kristian og budde på "Stykkje", tunet som ligg nærast Bedehuset. Dette hende den 7. februar 1921. Han vart gravlagt den dagen han skulle ha fylt 12 år. Opplysningane om denne hendinga er henta frå Edvard Bruvik sine nedskrivne bygdeforteljingar.

Ole Daniel Eidsvåg

Øvings-skytebane for Heimevernet.

Anlegget ved denne posten er ei tidlegare skytegrav for 100 meters skytebane med tilhøyrande opplegg for doble skyteskiver og sikring for manuell anvising. Anlegget er ikkje frå krigstida, men vart bygd på 1970-talet for at heimevernet skulle ha skytebane for trening. Heimevernet har som kjent i alle år etter krigen brukt festningsområdet på Tittelsnes til kurs- og øvingsområde. I tillegg til denne 100 meters skytebana, var det ein 200 meters bane på det flate terrenget litt lenger nord, der jordmassane nå er skifta ut på grunn av blyforekomst i jorda. Fjellet i bakkant her var sikra med jord og treverk for å ta mot kuleregnet. Men dette er nå reinska bort. Skytebanane her vart etterkvart mindre brukt av sikkerhetsmessige grunnar. Kursdeltakarane i heimevernet vart frakta med buss til skytebana i Førde. Der er det og 300 meters bane. Anlegget her, som nå er rydda og gjort godt synleg, vart etterkvart tilgrodd og tilvakse med skog og låg nokså avgøymt og usynleg i terrenget til det nå vart rydda.

Ole Daniel Eidsvåg

Kulturminnepost 2014
Sveio O-Lag logo
Sveio O-lag
Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008