Finn-Fram dagen i Rex Garden

Av Kristian   31.08.17

Søndag 3. september, kl. 12-15
Start frå Prestabryggjo/Strando i Førde.
Aktivitetsdag i friluft for heile familien!
Enkel turløype. Speed-orientering.
Instruksjon i bruk av kart og kompass.
Luftgeværskyting, kajakkpadling, volleyball og tippekonkurranse. Premiar til alle som deltar. Sal av pinnebrød, kaker, kaffi og saft.
Medarrangørar:
Sveio Turlag, Førde-speidarane og Bua-speidarane.
Hovudarrangør: Sveio O-lag


Finn Fram dag i idylliske Rex Garden

Av Kristian   30.08.16

Sveio O-lag hadde laga ei rundløype med o-tekniske oppgaver for store og små på åtte ulike postar i Rex Garden og Strando.
Både start og mål på rundløypa var satt til sjøkanten på Strando.
Langs rundløypa fekk besøkande prøve mange ulike aktivitetar.
Bl.a. skytetevling med luftgever som var delt inn i fire premieklassar. Vinnarane blei Maria Runde i kvinneklassa, Emilie Huseby i jenteklassa, Karl Erik Ravn Ottesen i herreklassa og Lars Hovland i guteklassa.
Eit anna populært og tradisjonsrikt innslag er speedorientering der både unge og eldre er ivrige på å persa tida si rundt miniløypa.
Sola skein og på posten til Sveio Turlag som kunne tilby quiz med ti varierte spørsmål. Fire deltakarar klarte åtte rette: Kristian S. Førde, Bjørnar S. Førde, Sveinung Askeland og Vigleik Aronsen.
Nede ved sjøkanten instruerte Førde-speidarane i padling og Bua-speidarane tilbydde nysteikte pinnebrød.
Ørevik 4H arrangerte spel på plenen og sal av fruktsalat. Under same tak grilla Sveio O-lag pølser.
Valestrand søndagsskule arrangerte tevling i vassbering og såleis kåring av søndagens sterkaste pappa, som blei Oddgeir Talle og søndagens sterkaste mamma som blei Ingeborg Stokkenes.




Finn fram dag i Rex Garden

Av Kristian   20.08.16
Søndag 28. august, kl. 12—15
Start frå Prestabryggjo/Strando i Førde.
Aktivitetsdag i friluft for heile familien.
Enkel turløype. Speed-orientering. Instruksjon i bruk av kart og kompass. Luftgeværskyting, kajakkpadling, hesteskokasting, volleyball og tippekonkurranse. Kåring av søndagens sterkaste mamma og pappa.
Premiar til alle som deltar.
Sal av villmarkspølser, pinnebrød, kaker,
kaffi og saft.
Medarrangørar: Sveio Turlag, 4H,
Førde-speidarane, Bua-speidarane og
Valestrand søndagsskule
Hovudarrangør: Sveio O-lag



Suksess med kultur i friluft

Av Kristian   03.09.15

Kø av ivrige o—folk på oppgavepostane langs Sveio O-lag si rundløype med o-tekniske oppgaver. Midt i bildet Svein Krunenes og Tore Fykse.

Det var knapt ein ledig parkeringsplass å oppdriva i Førde søndag 30. august under årets Finn Fram dag i regi av Sveio O-lag. Meir enn 200 deltakarar prøvde rundløypa frå Prestabryggjo til Rex Garden.
Langs løypa var sett ut postar med o-tekniske oppgaver. På kvar post var dessutan aktivitetar som ulike lokale friluftslag stod bak.
Fleire organisasjonar kunne dessutan tilby servering. Same dagen hadde Sveio Kystlag stort kystsogearrangement på Kaien. Førde-bygda hadde dermed fleire attraksjonar å by på denne strålande august-søndagen.
Pilkast- konkurransen i Rex Garden var inndelt i tre klassar, barn, ungdom og vaksne.
Dei tre klassevinnarane blei: Alexander Opedal, Lars Kristian Oa og Stig Øyvind Hagen.
Blant dei 64 deltakarane i «speed-orientering» blei Håkon Sveen Lothe trekt ut som premievinnar.
Alle deltakarane i rundløypa under Finn Fram dagen deltok i trekkinga av ein premie som gjekk til Iselin Helgesen. Dei registrerte deltakarane under søndagens kaffipost hos Sveio O-lag var også med i loddtrekking om ein premie. Her vann Rebekka Undheim.
Valestrand søndagsskule kåra søndagens sterkaste mamma og pappa. Dei to sterkaste denne søndagen var Jofrid Valen og Sigve Haugland.
Sveio Turlag arrangerte kviss med spørsmål frå lokal geografi. Lilly Krunenes og Svein Magnus Tveit fekk begge fullt hus (10 poeng), medan Ruth Eriksen, Jens Aksdal, Egil Lokna og Bjørn Kristian Kallevik hadde alle ni rette svar.

Sjå fleire bilete frå Finn Fram dagen 2015 her



Finn Fram Dagen 2015

Av Kristian   27.08.15



Det skjer i Førde på søndag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 25.08.15
Mange fann fram til Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 31.08.14
Finn Fram i Rex Garden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 26.08.14
Finn Fram dag ved Ryvarden av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 11.06.13
Unge og eldre fann fram på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 19.06.11
Finn Fram dagen 2011 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 15.06.11
Sterk i friluft på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 30.05.10
Familiedag i friluft på Festningen av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 19.05.10
Mange fann fram av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 17.06.09
Finn Fram dag av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 12.06.09
Dugnad og gjester i paradis av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 07.06.08
Sommarleikar i det fri av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 25.05.08
O-løype med smell i av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 17.07.07
Skyting og orientering i same løype av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 29.05.07
Finn Fram dag i sommarsol av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 19.06.06
Finn Fram Dagen 2006 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 07.06.06
Finn Fram -testen 2005 og Kaffipost Høst 2005 av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 04.09.05
250 deltok i Finn Fram dagen i Auklandshamn av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 15.06.05
Sommarleikar på Finn Fram dagen 29. mai av Kristian i kategori Finn Fram Dagen 16.05.05
Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« November 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
45  0102030405
4606070809101112
4713141516171819
4820212223242526
4927282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: