Gå tilbake til arkivet

Kulturminnepostar 2012

Olesmølla

Ole Georg Olsen dreiv og bygde opp garden på Einstadbøvoll (som Blytt nå eig) frå 1816. Han bygde mølla her kor murane står, truleg på 1820-talet. Den eine møllesteinen som vart brukt står nå heime i tunet til Blytt. Eit lite stykke ovanfor mølla er det bygd demning i bekken for å kunna regulera vasstilførsla. Det vart då laga eit ekstra bekkeløp, som leia vatnet ned til mølla. Bekken renn no etter sitt opphavelege bekkeleie. Kor lenge mølla var i drift kjenner ein ikkje til. Det var nokså vanleg i eldre tid med mølle på dei fleste gardar der det var bekker eller elvar med stor nok vassføring.

Jettegryte

Om lag 20 meter aust for Olesmølla, på vestsida av bekken er det ei jettegryte i fjellet. Jettegryta er omlag 1,5 m djup. Jettegryter er eit ikkje uvanleg fenomen, særleg langs kysten. Dei har oppstått ved at ei bre-elv frå siste istid har satt stein og grus i turbulent bevegelse.

Av Ole Daniel Eidsvåg

--- --- ---

(Jon Blytt har bidratt med opplysningar til teksten ovanfor)


Lyskastaranlegg

Fortet på Tittelsnes hadde 2 lyskastaranlegg under krigen. Det eine stod her på Grunnanes, det andre stod på neset omlag 400 meter lenger sør. Lyskastarane kravde mykje straum og dei vart drivne av kraftige dieseldrevne straumaggregat. På lyskastarane var det påmontert hjul slik at dei kunne trillast ut frå bunkersane ved bruk. Det var ikkje lyspærer i lyskastarane, men 2 grafittstavar, som avstandsmessig kunne justerast og som tente ein sterk lysbue mellom desse. Store reflektorar gjorde at dei kunne lysa over lange avstandar med rekkevidde opp mot 12.000 meter. Det er bygd løpegraver fram mot lyskasteranlegga slik at dei som styrde anlegga kunne koma dit mest mogleg skjerma. Etter krigen vart lyskastaranlegga demontert. Ein veit at generatorane vart kjøpt opp av Auklandshamn Slipp.

Av Ole Daniel Eidsvåg

--- --- ---

(Desse opplysningane om lyskastaranlegga er henta frå Geir Haug si skriftsamling om Festningen på Tittelsnes.)

Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008