Gullrush for unge og eldre

Av Kristian den 14.02.11
Årsfesten 2011
Unge merkevinnarar: Fra venstre framme: Ørjan Bergesen, Trym Valen Spångberg, Jomar Valen Spångberg, Victoria H. Møllerhaug og Vilde Bergesen.
I bakre rekke fra venstre: Lars Birger Bergmål, Iselin Helgesen, Malin H. Møllerhaug, Endre Hetlesæter, Eivind Valen Lie og Malin Helgesen.
Alderen kan variera frå 10 år og opp til over 70. Men dei har til felles at dei i fjor besøkte alle Sveio O-lag sine meir enn 50 tur-o-postar. Fredag var det gullrush på Førde Samfunnshus med utdeling av fortenestefulle merke og plakettar.
Endre Hetlesæter er berre 10 år gammal men har klart gullmerke seks år på rad. far hans Bjarne Hetlesæter blei denne gongen tildelt gullplakett fordi han har besøkt minst 50 av tur-o-postane gjennom 15 sesongar på rad.
Ung plakettvinnar er også Cecilie Johannessen som i fjor oppnådde gullmerket for femte året på rad.
Det meisterstrykket har også Øyfrid og Hjalmar Lokna klart i tillegg til Sigmund Enerstvedt og Kjell Egil Knutsen.
Sjå liste over merkevinnarane her
Årsfesten 2011
Plakettvinnarar: Frå venstre: Bjarne Hetlesæter, Hjalmar Lokna, Øyfrid Lokna og Sigmund Enerstvedt, som alle har oppnådd gullmerke i 15 år. Til høgre Kjell Sandaker som klart gullmerket i 10 år.
Nær 100 av årets ivrige deltakarar blei tildelte merke under Sveio Orienteringslag sin årsfest.
Oppslutninga om årets turorientering har vore minst like god som året før. Særs gledeleg er den fine auken i talet på deltakarar i Barnas O-tur. Her har over 30 barn og unge gjort seg fortent til heidersteikn.
Salet deltakarkonvoluttar i Barnas O-tur var dessutan klart betre enn i noko tidlegare sesong. Auken var på 33 prosent i høve til salet i 2009.
Om lag 65 deltakarar har gjort seg fortente til edle merke i familieturklassa. 54 av desse har gjort seg fortent til gullmerket.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: