Sesongstart for Turorientering søndag 10. april

Av Kristian den 07.04.11
Finn Fram-dagen 2010
Fra og med søndag 10- april er 25 tur-o-postar klar for besøk. Årets tilbod er spreidd rundt i store delar av kommunen.
Seks ulike kart ligg i årets tur-o-konvolutt. Lengst nord finn du tur-o-postar på Tittelsnes ved bruk av det nye kartet Festningen. Vidare sørover blir det sett ut postar på Einstabøvoll og på Hope og Liereid. Lierkartet over terrenget mellom Førde og Røykenes blir også tatt i bruk. Det same gjer det store kartet i Auklandshamn og Sveio Vest ved Fjellstad og Paddevegen.
Tur-o-materiell er i salg på følgjande stader:
Haukås Bensinstasjon,
Førde Dagligvare og
Sparebanken Vest.

Nytt av året er at konvolutten innheld to deltakarkort i tillegg til dei seks karta og diverse info-materiell. Den store konvolutten kostar i år kr. 200.
Foto-orientering er eit nytt tilbod av året. Dette tilbodet er innlagt i alle tur-o-konvoluttane som nå er ute i salg.
Barnas tur-o: Årets tur-o-mappe for barn inneheld fem ulike kart. Lengst nord er postar lagt ut mellom Valevåg og Einstabøvoll. Vidare er det postar nær Førde, nær Auklandshamn skule og i friluftsområdet Slettene. Fem postar er lagt ut nær Fjellstad, Kattabergfjell og Åse. Alle dei 20 postane ligg ute heile sesongen fram til slutten av november.
Nærtrim: Alle som vil prøva tur-orientering kan starta med å kjøpa same mappa som inneheld Barnas o-tur. Her finn du fleire enkle tur-o-løyper nær der du bur. Dette kan gi meirsmak til å eventuelt prøva den store tur-o-konvolutten seinare.
Kulturminnepostar: For at opplevingane med tur i skog og mark skal bli enda ein dimensjon rikare har me utsyrt fleire av årets tur-o-postar med tekstar som fortel litt om historia rundt aktuelle stader i løypa.


Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Oktober 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
40      01
4102030405060708
4209101112131415
4316171819202122
4423242526272829
453031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: