Flotte prestasjonar i nytt terreng

Av Kristian den 25.08.13
Bilete frå Vestlandsmeisterskapet 2013, lørdag


Raske vinnartider blei oppnådd på rekke og rad i det lettløpte terrenget i Ryvarden-marka. Laurdag blei det kåra Vestlandsmeistarar i mange klassar. Mellom mange sterke prestasjonar var Rune Nygård frå Gular i Bergen, som vann den lengste løypa (7,4 km) på under 50 minuttar. Mest like mykje imponerte junioren Vegard Jarvis Westergaard, som blei nummer to i denne løypa på 53, 27. Sterk tid hadde også vinnaren av eldste juniorklasse Øystein Garsrud Tvedt, ei tid som hadde gitt femte plass i eliteklassa.
Men det blei levert mange flotte prestasjonar i svært mange aldersklassar og på ulike nivå. Det var laurdag gledeleg stor deltaking og bredde i fleire ungdomsklassar. Fleire klassar viser deltakartal som me sjeldan opplever på våre kantar. Meir enn 280 løparar stilte til start på Vandaskog.
Det såg ut til at alle frammøtte deltakarar og tilskodarar kosa seg i det knallfine veret på ein idyllisk arena.
Same arena skal søndag nyttast til Vestlandsmeisterskap i stafett.
Resultater frå lørdagen finner du her
- Strekktider

Løypene:
Løype 1 | Løype 2 | Løype 3 | Løype 3, 1:7500 | Løype 4, 1:10000 | Løype 4, 1:7500 | Løype 5 | Løype 6 | Løype 7 | Løype 8 | Løype 9

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008