Raske stafettløyper i Ryvarden-marka

Av Kristian den 25.08.13
Stafettstart

Det fantastisk vakre seinsommarveret heldt fram med å skina over Sveio O-lag sitt Vestlandsmeisterskap søndag. Klokka 11 på formiddagen gjekk først fellesstart. Då stakk 16 ulike løparar av garde frå like mange stafettlag. Det er fleire år sidan breidda på startstreken har vore så stor i eit o-meisterskap på våre kantar.
Løyper og terreng i Ryvarden-marka med utgangspunkt frå Vandaskog, inviterte til høg fart og raske etappar. Mange løparar, som sprang den lengste løypa brukte mindre enn 30 minuttar på sine etappar, som var ca fire kilometer lang.
Sveio Orienteringslag hadde lite røynsle med større stafettarrangement frå tidlegare. Klubben sine medlemmer, som har stått fremst i arbeidet med førebuing av løyper og arrangement var svært spente før søndagens stafettemeisterskap, der 64 lag var påmeldt.
Men gjennomføringa gjekk føre seg nærast prikkfritt. Det vanka difor mykje ros frå aktive og lagleiarar til arrangøren i løpet av andre dag av årets Vestlandsmeisterskap. Over 200 deltakarar gjennomførte stafettetappar eller individuelle løyper søndag.

Resultata finn ein i høgremargen
Fleire bilete i fotoalbumet

Løyper:


H17: 101 | 102 | 103
D17 / H156: 201 | 202 | 203
D13-16 / H13-16 / D 156: 301 | 401 | 303
MIX: 201 | 401 | 301
D/H 11-12: 401

DM i Media:


Sunnhordland 27.08
Vestavind 29.08
Haugesunds Avis 29.08
Stavanger Aftenblad 29.08

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008