Turorientering mot nye høgder

Av Kristian den 25.11.13
jubilantar
Jubilantar og plakettvinnarar etter årets turorientering i Sveio Orienteringslag: Frå venstre: Inge Berglund, Roald Johannessen, Hjørdis Kallevik, Gerhard Kallevik, Harald Selsås og Oddbjørn Valen.

Årets sesong innan turorientering er avslutta. Under årsfesten i Førde samfunnshus torsdag 21. november kom det fram at oppslutninga har i år vore større enn på svært lenge. Leiar i Sveio Orienteringslag, Thomas Førde, kunne opplysa at det i år blei selt rekordmange kart og deltakarkort, nær 200 til saman.

Nytt kart Ryvarden
2013 har på mange måtar vore ein stor og viktig sesong for Sveio O-lag. Eit flunkande nytt og kostbart kart over Ryvarden-marka blei tatt i bruk. Innviinga av det nye flotte kartet blei markert ved at Orienteringslaget i slutten av august arrangerte Vestlandsmeisterskapet i orientering over to dagar på Vandaskog. Eit særs vellukka arrangement blei det med 300 deltakarar.
Dessutan blei ein del av det nye o-kartet over Ryvarden-marka tatt i bruk til turorientering. I neste sesong opnar det seg nye spennande tur-o-mulegheiter i dette opne og lett tilgjengelege turterrenget.

20 års jubileum
Under årsavslutninga vart det delt ut meir enn hundre fortenestefulle merke, premiar og plakettar for innsatsen i året som gjekk.
Fire trufast turorienterarar blei tildelt den høgste utmerkinga, plaketten for å ha oppnådd gullmerket i 20 sesongar. Dei velfortente plakettvinnarane var Hjørdis og Gerhard Kallevik saman med Frøydis og Oddbjørn Valen. Kvar av desse fire vinnarane har besøkt meir enn 1000 tur-o-postar rundt i det varierte terrenget i Sveio i løpet av dei siste 20 åra.
Astrid Førsund, Inge Berglund, Kristina Enerstvedt og Harald Selsås fekk alle gullplakett for å ha oppnådd gullmerke i 15 sesongar.

Over 100 merkevinnarar
Meir enn 70 deltakarar innan den tradisjonelle familieturorienteringa blei under årsfesten til Sveio O-lag tildelt merke ved sesongslutt.
Ekstra gledeleg er det at rekrutteringstilbodet, Nærtrim/Barnas turorientering med 20 postar ute i terrenget, er blitt særs godt motteke. Langt over 30 deltakarar gjorde seg fortent til merke ved sesongslutt i denne greina.

Foto-orientering
I tillegg har Sveio Orienteringslag dei siste åra hatt tilbod om Foto-orientering i Sveio sentrum og i Førde. Dette tilbodet er blitt særs godt motteke.
Under årsavslutninga blei det trekt ut tre premievinnarar blant deltakarane i Foto-orientering: Vinnarane blei: Mia Orvedal, David Lubek og Natalia Hansen.
Deltakarpremien, som blei trekt blant alle deltakarane i årets turorientering, gjekk til Benjamin Blytt. To postar har vore utstyrte med kvar si postkasse med innlagt bok der deltakarane kan skriva namnet sitt for å kunne bli med i trekking av premie ved sesongslutt. Vinnarane blei: Karsten Vikshåland og Lilly Krunenes.

Merkevinnarar 2013

Unge i TurO
Stor oppslutnad frå dei unge i årets turorientering. Her er nokre av årets merke- og premievinnarar: I bakre rekke frå venstre: Emma King Johannessen, Johan Vandaskog Blytt, Endre Hetlesæter, Inhild Valen Lie og Eivind Valen Lie. I fremste rekke frå venstre: Eskild Spilde, Sofie Hansen og Trym Spilde.


Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« November 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
45  0102030405
4606070809101112
4713141516171819
4820212223242526
4927282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: