Fullt fart under Storbasaren i Førde

Av Kristian den 27.09.14
Løparar på speed-orienteringa under Storbasaren

Den årlege Storbasaren til inntekt for Førde Samfunnshus blei halden søndag 21. september i flott haustver med Sveio O-lag som viktig bidragsytar.

Sveio O-lag rigga seg til utanfor samfunnshuset med speed-orientering. Ei kort løype blei laga i skogkanten med sju åtte posteiningar som deltakarane måtte innom med tidtakarbrikka si for å få godkjent sluttid.
30 unge ivrige løparar stilte til start. Dei fleste gjennomførte løypa mange gonger i forsøk på å nå bestetida i tevlinga eller for å slå si eiga bestetid.
Tre premiar blei trekt ut mellom ale deltakarane. Premievinnarane blei: Cassandra Simonsen, Sile Hetlesæter og Runar Reidarson.

Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« November 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
45  0102030405
4606070809101112
4713141516171819
4820212223242526
4927282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: