Gullrush etter årets tur-o-sesong

Av Kristian den 24.11.14

To jubilantar etter årets sesong, Endre Hetlesæter vann plakett etter 10 år med gullmerke medan Ole Daniel Eidsvåg har vunne gullmerke 20 år på rad.

Det blei nærast kø på podiet då gullmerke og plakettar blei delt ut under Sveio O-lags årsavslutning.
Meir enn 50 gullmerke blei delt ut. Men dei aller gjevaste heidersteikna gjekk til Ole Daniel Eidsvåg og Endre Hetlesæter som etter årets sesong kunne feira kvar sitt jubileum. Ole Daniel kunne motta plakett etter å ha gjennomført 20 sesongar med gullmerke (besøk på 50 postar). Trass i sin unge alder kunne Endre ta imot plakett for sitt 10.år med gullmerke.
Under Sveio O-lags årsfest for turorientering viste Endre Hetlesæter si ferske 4 H oppgåve. Endre hadde valt turorientering som tema og kunne presentera bilde frå alle dei 52 postane hadde vore innom i løpet av sesongen.
Tidlegare på kvelden viste Morten Kristiansen fram sine eigne bilde som var henta frå naturens eigen kunstferdige uttrykk.
Etter matøkt og utlodding blei det dessutan delt ut heider til dei mange yngre som hadde deltatt i Barnas turorientering og foto-orientering. Dei som ikkje nådde heilt fram til merke av edel valør blei likevel med i trekkinga om flotte premiar blant alle registrete deltakarar.


Tre flinke vinnarar av gullmerke blant dei yngste: Frå venstre: Trym Spilde, Odd Mikkel Sandaker og Sofie Hansen.



Fire av gullvinnarane som hadde besøkt 50 postar i 2014.



Gullvinnarane som hadde besøkt 51 postar.



Alle desse gullmerkevinnarane hadde vore innom 52 postar i løpet av sesongen.


Merkevinnarar 2014

Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008