Finn Fram dag i idylliske Rex Garden

Av Kristian den 30.08.16

Sveio O-lag hadde laga ei rundløype med o-tekniske oppgaver for store og små på åtte ulike postar i Rex Garden og Strando.
Både start og mål på rundløypa var satt til sjøkanten på Strando.
Langs rundløypa fekk besøkande prøve mange ulike aktivitetar.
Bl.a. skytetevling med luftgever som var delt inn i fire premieklassar. Vinnarane blei Maria Runde i kvinneklassa, Emilie Huseby i jenteklassa, Karl Erik Ravn Ottesen i herreklassa og Lars Hovland i guteklassa.
Eit anna populært og tradisjonsrikt innslag er speedorientering der både unge og eldre er ivrige på å persa tida si rundt miniløypa.
Sola skein og på posten til Sveio Turlag som kunne tilby quiz med ti varierte spørsmål. Fire deltakarar klarte åtte rette: Kristian S. Førde, Bjørnar S. Førde, Sveinung Askeland og Vigleik Aronsen.
Nede ved sjøkanten instruerte Førde-speidarane i padling og Bua-speidarane tilbydde nysteikte pinnebrød.
Ørevik 4H arrangerte spel på plenen og sal av fruktsalat. Under same tak grilla Sveio O-lag pølser.
Valestrand søndagsskule arrangerte tevling i vassbering og såleis kåring av søndagens sterkaste pappa, som blei Oddgeir Talle og søndagens sterkaste mamma som blei Ingeborg Stokkenes.



Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« September 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
36    010203
3704050607080910
3811121314151617
3918192021222324
40252627282930
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: