Fullklaff for o-løp i Auklandshamn

Av Kristian den 03.05.18

Veret var ideelt for orientering under Sveio O-lags kretsløp i mellomdistanseorientering i Auklandshamn lørdag 28. april. Litt kjøleg i lufta, men sola varmte og ute i terrenget var alt gras og småkratt framleis i sovande modus etter vinterdvalen slik at det blei lett å ta seg fram. Kartet over terrenget rundt Auklandshamn skule blei laga til Vestlandsmeisterskapet i 2004 og er seinare blitt oppdatert noko. Terrenget er variet skogsterreng, med innslag av skråliar i dei to lengste A-løypene og elles småkupert med innslag av myr. Stirikt område nær mål og i terrenget kor dei kortaste løypene var lagt.
Idyllisk og velfungerande samlingsplass ved Auklanshamn skule blei ein flott arena for store og små o-løparar i eit godt tilrettelagt og effektivt gjennomført arrangement.
116 løparar fullførte i dei sju lengste løyoene, medan sju småtroll gjennomførte den åttande og kortaste løypa ved samlingsolass.
Kretsløpet tel med i ranking for Rogaland. Thomas Førde og Kjetil Fiskå hadde ansvaret for løypene, som fekk mykje ros frå deltakarane.

Resultat og løyper finn du på Eventor

Sjå fleire bilder på Facebook
Omtale hos NOF


Årsmøte 2023:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008