Sommarleikar på Finn Fram dagen 29. mai

Av Kristian den 16.05.05
Kaffipost blant Tur-o-postar, på sjølvaste Finn Fram dagen i Friluftslivets År 2005.

Masse-mønstring og stordugnad i Sveios vakre men ukjente offentleg eigde og tilrettelagte naturperle, Slettene.

Når?: Søndag 29. mai kl. 12. 00 – 15.00

Kor?: I det idylliske friluftsområdet Slettene ved Auklandshamn.


Parkering: Ved Auklandshamn skule/Auklandshamn handel

O-løype 1: (Oppvarming/demonstrasjon) Fra parkeringsplass ved skulen/butikken blir det lagt ut enkle o-postar langs vegen fram til friluftsrådets p-plass ved Slettene. Kart med innteikna postar blir delt ut ved butikken. Tilbod om instruksjon ved start.
Alle som fullfører denne o-løypa fra butikken til Slettene kan levera inn sitt startkort og bli med i trekking om fin premie.

O-løype 2: (Aktivitetsløypa) Ved p-plassen, ved inngangen til Slettene får deltkarane tilbod om kart nr. 2. Her er innteikna seks ulike postar, som ligg i det idylliske Slettene friluftsområde. På kvar post, som er nummerert fra 1 til 6, finn du ein spennande aktivitet. Alle som finn fram til dei seks ulike postane og leverer inn sitt startkort på Sveio O-lags kaffipost, blir med i trekkinga om flotte premiar.

Båtskyss: Alternativ til vandretur med kart på jakt etter enkle o-postar frå p-plassen ved skulen til Slettene, er båtskyss med innlagt sightseeing frå kommunekaien i Auklandshamn og fram til friluftsrådets brygge i Slettene. Kystlaget driv dette eineståande båtrute-tilbodet på Finn Fram dagen. Tilbodet varer så lenge arrangementet i Slettene pågår.

Eigen båt til kaffiposten: Dette blir ein eineståande sjanse for båtfolket til å koma sjøvegen til Sveio O-lags kaffipost. Fleirer gode og lune oppankringsstader i Lambeidvågen ved Slettene
.
Aktivitetar: Slettene er ei naturperle, ei halvøy omkransa av lune vikar, holmar og skjer. Halvøya inneheld svaberg og strender, gamal kulturmark, gamle hustufter, idylliske stira, skog og utsiktstoppar. På Finn Fram dagen legg me opp til demonstrasjonar og trening med luftgever, kasting med fiskestong, bading, båtsightseeing, instruksjon i bruken av kart og kompass, tippekonkurransar, m.m.

Organisasjonar som deltar: Sveio Jeger og Fisk, Sveio Kystlag, Sveio Turlag, 4 H-klubbane, Ørevik og Krabbaskolten, Førde-speidarane og Sveio O-lag. Kvar av dei seks postane, som er innteikna på det nye o-kartet over Slettene, er bemanna med representantar for minst eit av dei deltakande laga. Laga presenterer seg sjølve og tilbyr instruksjon og spennande utfordringar.

Kaffipost: To gonger i året tilbyr Sveio O-lag servering av kaffi, kaker og saft på ein tur-o-post ute i skogen. Finn Fram dagen 29. mai blir med dette ein sterkt utvida kaffipost med sal av kaffi, kaker, te og saft i Slettene.

Meir servering: I Slettene denne søndag blir serverings- /salstilbodet utvida til også å gjelda sal av grillmat. 4 H- klubbane er ansvarlegeg for dette.
Årsmøte 2024:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008