250 deltok i Finn Fram dagen i Auklandshamn

Av Kristian den 15.06.05
Kart, kompass, turorientering, grilling, kaffikos og mange aktivitetar ute i det fri

I samarbeid med seks andre lokale friluftslag/organisasjonar skipa Sveio O-lag til Finn Fram dag 29.mai. I vår vesle kommune med 4600 innbyggarar, valde 250 av desse å delta i Finn Fram dagen, sjølv om veret var både grått og vått frå morgonen av.
Arrangementet var lagt til den heller ukjente naturperla Slettene i Auklandshamn. Her laga Sveio O-lag i fjor nytt kart til Vestlandsmeisterskapet. I år er det nye kartet og det jomfrulege o-terrenget for første gong tatt i bruk til turorientering. Salet av tur-o-mapper har auka monaleg etter at me kunne tilby dette flotte turterrenget.


    Kaffipost
    To gonger i tur-o-sesongen brukar Sveio O-lag å halda søndagsopen kaffipost i skogen. Tiltaket har vore svært populært i mange år. Denne gongen inviterte o-laget andre lag til samarbeid rundt ein kaffipost på Finn Fram dagen 29. mai.
Desse laga blei med: Sveio Turlag, Sveio Kystlag, Sveio Jeger og Fisk, 4H-klubbane Ørevik og Krabbaskolten og Førde-speidarane.

    Ved sjøen
    Dei ulike laga bemanna kvar sin post i ei rundløype, som hadde mål på Sveio O-lag sin eigen post, kaffiposten. På kvar av postane kunne dei samarbeidande laga tilby sine ulike spesialitetar og aktivitetar.
    Det idylliske friområdet Slettene ligg til sjøen med idylliske holmar, sund og skjer. Kystlaget kunne difor koma til brygga med sine fartøy og Jeger og Fisk kunne demonstrera kasting med slukstong i sjøen der fisken beit villig.

    To løyper
    Sveio O-lag kunne tilby to ulike o-løyper ferdig innteikna på kart i plastlommer. Frå parkeringsplassen kunne deltakarane følgja ei enkel løype langs vegen med fem postar utplasserte.
    Vel framme ved inngangen til friområdet, blei det utdelt eit nytt kart med innteikna seks postar som utgjorde hovuddelen i sjølve Finn-Fram arrangementet. Undervegs fekk deltakarane tilbod om instruksjon i bruken av kart og kompass.
    Minst 200 kart med innteikna løyper blei delte ut og like blei samla inn ved mål. Alle som leverte inn kart saman med deltakarkort og rette postkvitteringar var med i trekking om premiar.
    Særs vellukka arrangement, som fleire av dei samarbeidande laga ønsker reprise på til neste år.
Årsmøte 2017:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Kalender:
« Desember 2017 »
UkeManTirOnsTorFreLørSøn
49    010203
5004050607080910
5111121314151617
5218192021222324
5325262728293031
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008
Vestlandsmeisterskapet 2013: