To gonger o-dag i skulen

Av Kristian den 24.06.08
Sjå bilete frå dagane her
9. klasse på Gildesprinten 2008

Gildesprinten blei til to heile aktivitetsdagar ved Førde skule. To av ungdommane i laget, Johannes og Sunniva, hadde ansvaret for planlegging, førebuing og gjennomføring begge dagar. Andre medlemmar i laget ytte viktige og avgjerande bidrag som tilretteleggarar og funksjonærar på ymse vis. Viktig innsats ytte også lærarar ved Førde skule.

Torsdag 12. juni samlast 9. klasse til O-dag og Gildesprint på Lier. Johannes heldt innleiingsvis ei økt med teori om kartteikn og forståing av kartet.
Denne økta blei avrunda med kartteiknstafett, der elevane fekk prøva si forståing for litt av det dei lærte i teoriøkta.
Deretter blei klassen på om lag 25 stk delt inn i grupper som fordelte seg på tre ulike stasjonar i terrenget.
Følg John
Johannes heitte John for ein snau time. John er gruppeleiar og føredøme som elevane skulle følgja. Etter at gruppa hadde følgd John eit stykke ut i terrenget skulle elevane ved hjelp av kartet og den teorien dei hadde lært, finne ut kor på kartet dei nå befant seg.

Hinderløype
Ei anna gruppe av niendeklassingar fekk prøva ei samansett hinderløype der det var tidtaking ved hjelp av EKT-brikker. Forutan ulike oppbygde hinder var det innlagt eit felt med tett brakje (einer), som skulle forserast.

Stjerneorinetring og eksamen
Den tredje gruppa fekk prøva stjerneorientering. Elevane fekk teikna inn ein og ein post på kartet sitt. For kvar innteikna post laut dei ut i terrenget for å finna den rette.
I matøkta midt på dagen var det grilling av Gilde-pølser til alle som ville ha, før den avsluttande eksamen med sjølve Gildesprinten, o-løpet.

Mellomtrinnet
Eit liknande opplegg blei servert for klasane 5. 6. og 7. fredag 13. juni. Etter ei teoriøkt om kart og kartteikn innadørs på skulen først på dagen, blei resten av o-dagen halden utandørs i ”Skittmyro”, i nærleiken av skulen.

Denne dagen deltok 35 elevar, som blei delte inn i to grupper. Første økta var alle med på kartteikn-stafett for å testa om dei hugsa kva kartteikna betydde.

Saft og pølser
Deretter fekk den eine gruppa bli med på stjerneorientering medan den andre gruppa deltok i hinderløp med tidtaking.
Ei god maktøkt med grillpølser og saft, gjorde ei god stemning enda betre før det avsluttande orienteringsløp med EKT-brikker, digitalpostkvittering og tidtaking som i ein skikkeleg konkurranse.

Årsmøte 2019:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering p� nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008