SVEIO O-LAGS TURORIENTERING 2015
Velkommen til mosjon i skog og mark. Dette er som ein grøn resept på helsebringande opplevingar og bør bli ein viktig del av den nye samhandlingsreforma i helsevesenet. I tillegg til verdfull mosjon og kroppsbygging, får du mange flotte naturopplevingar med på kjøpet.
Kva er turorientering? Turorientering krev ingen særskilte kunnskapar i førevegen. Dugleiken med kart og kompass øver du opp under vegs. Postane er merka med raude og kvite plastflagg. På desse flagga står skrive posten sitt nummer og to kodebokstavar. På kontrollkortet skal du notera ned posten sine kodebokstavar ved sida av posten sitt nummer.
	Turorientering er lagt opp som høvelege rundturar
	av varierande lengde og vanskegrad.
	Fire kart og terreng-område inneheld i år til saman 50 tur-o-postar:
1.Lengst nord kan du parkera ved Kleivo grendahus, like nord for Valestrand oppvekstsenter og starta turen ved å følgja stien frå Kleivo oppover skråningane. Her får du ein flott rundtur forbi mange utsynspunkt. Du kan gjera ein rundtur ved å ta stien ned att gjennom liane til Haugsgjerd, litt nod for Kleivo.
2. Ved Førde og sørover til Lierfjell er i år 13 postar, som kan nåast med start frå Ålfjordvegen eller frå skogsvegen tvers overfor Førde skule. I dette området nær skulen er det enklast å parkera.  
3. I marka nærast Auklandshamn skule ligg 12 postar. Skulen/butikken er gode utgangspunkt og har romslege parkeringstilhøve. Du kan og starta frå bedehuset. På veg til dei fire postane lengst sør i retning Emberlandsnipen kjem du inn i eit opnare og høgareliggjande turterreng med idylliske små vatn og god utsikt.
4. Ryvarden-marka: Her er det lagt opp til tre ulike turar. For å kunne nå dei fem sørlegaste postane høver det å parkera i Mølstrevåg og gå eit stykke langs grusvegen til Ryvarden fyr. Postane midt på kartet når du enklast ved å parkera bilen på skuleplassen for tidlegare Vandaskog skule og gå inn i marka derifrå. 
Til postane lengst nord på kartet kjem du enklast ved å nytta Lyngholm som utgangspunkt.
	
 
	Kåre
				Ekrene Trafikkskole, Ludolf Eidesgate 6, 5525 Haugesund
 
Telefon:
				52 71 75 66, Telefaks: 52 72 66 64
 
		  www.ekrene.no
					       
	post@ekrene.no     
	
Startskotet går søndag 29. mars. Alle dei 52 postane er merka med sirkel på kartet. Alle dei 50 postane med nummer frå og med 1 til og med 50 vil stå ute og klar til å ta imot besøk utan pause heilt fram til 26. oktober.
	Postkasse og premie: To postkassar er sett ut på
	to av dei 50 postane. Her er det høve til å skriva namnet
	sitt i ei bok og vera med på trekninga av premiar.  
	 
 
	
	Kaffipost: Høgdepunkt vår og haust er kaffipostane. Då blir det servert kaffi, saft og kaker ute i naturen. Mange møtest for å drøsa om vanskelege o-postar, fine utsiktspunkt og kjekke turopplevingar. Kaffipostane, nr. 51 og 52, er begge avmerka på kartet med vanlege sirklar.
Desse postane står ute kvar sin søndag mellom klokka 12.00 og kl. 15.00. 
	
Prøv Foto-O, tilbod i konvolutten som gjeld både i Sveio sentrum og i Førde. I Førde ligg det postar i det idylliske turområdet som inneheld Strando/Presrabryggjo og Rex-garden.
	Innlevering: Alle som vil ha merke eller plakett etter
	endt sesong må kjøpa deltakarkort, fylla det ut og senda
	inn til Karl Inge Instefjord, Øvre Fjellstad 20,
				5550 Sveio, innan 1. november.    
 
				NB!
		Via internett:  Me håpar at enda fleire vil nytta
	dette tilbodet i år. Her kan du også føra inn dine
	postkodar etterkvart som du har besøkt postane. Sjå meir
	info på Sveio O-lag si heimeisde: www.sveiool.org.
	Krav til merke og plakett:  På
	deltakarkortet finn du krava som må fyllast for å
	oppnå merke. 
 Etter femte sesongen med oppnådd
	gullmerke, får du tildelt bronseplakett i staden for merke.
	Sølv- og gullplakett kan sidan vinnast etter 10 og 15 år
	med gullsesongar. Ein kan og oppnå plakettar etter 20 og 25
	år med gullmerke.
 NB!Merke og plakett er
				inkludert i prisen når du kjøper
				deltakarkonvolutt/kontrollkort.   
	Jakttid: Jakta etter hjort  startar 10. september
	og varer heilt fram til 25. november utan pause. 
	Rådyrjakta, som samlar langt færre jegerar enn hjortejakta,
	varer frå 25. september til 23. desember. Jakta etter
	rådyrbukk pågår heilt frå 16. august til 23.
	desember. 
 Kle dykk fargerikt i jakttida.   
	 
 NB! Gå ikkje over innmark. Parker
				ikkje i tunet til folk eller langs privat veg!  
Meir info gjennom heile sesongen: www.sveiool.org
	
	 
