Nytt tur-o-tilbod i sommar i Rex garden i Førde.

29.06.21

Foto: Thomas Førde

Sveio O-lag har fått utarbeidd eit flunkande nytt o-kart over Førde sentrum. Me tar kartet i bruk for første gong denne sommaren ved å tilby postjakt i det idylliske turområdet mellom Førde kyrkje langs elvastien og ned til parken ved stranda. Postjakta held fram nordover langs stranda, framom Prestabryggjo og inn i Rex Garden og til Lauvneset.

Postane er markerte med små stolpar som er malte raude og kvite i toppen. På stolpane er limt ein lapp med posten sitt nummer, bokstavkode/talkode og QR-kode.

Registrering av postbesøk kan såleis skje både via mobiltelefon, via PC eller innsending på papir, som i gamle dagar. Poeng frå postbesøk i sommar tel i samandraget for dei som deltar i Sveio O-lags tur-o-tilbod i 2021. Me har i tillegg eiga premiering for Sommar-t-o-uren.

Alle postane kan nåast via gangveg/sti, med barnevogn og med rullestol. Kartet kan lastast ned gratis frå Sveio O-lag si side hos turorientering.no/sveio/

Papirkart vil bli gjort tilgjengeleg i kiosken på Strando, i butikken i Førde og på Haukås bensinstasjon.

God postjakt i sommar!


Kaffipost og hyttetur

08.06.21

Foto: Thomas Førde

Vårens kaffipost søndag 6. juni blei arrangert under varmande sommarsol. Posten var lagt til den nye dagsturhytta i Sveio, Nipastovo, som ligg like ved turstien mellom Auklandshamn skule og toppen av Emberlandsnipen. Tur- o-utvalet i Sveio O-lag utstyrte kaffiposten med eit frodig tilbod av kaker, boller, saft og kaffi. Dei vel 50 tur-o-gåarane som stakk innom, kunne nyta baksten på Nipastovo sin flott terasse med utsyn til alle kantar. Mange av deltakarane denne søndagen la turen innom nokre av dei 15 postane, som ligg ute i terrenget langs stien til Nipen.
To premiar blei trekte ut blant deltakarane og vinnarane blei Aud Eriksen og Jan Wiktor Jansen



Alt klart for påske-o-tur i skog og mark

24.03.21

Varierte terreng-typar kan opplevast under årets tur-o-sesong. Her er Olaug Fagerland og Karl Inge Instefjord i ferd med å få på plass årets tur-o-postar i Ryvarden-marka. Foto: Thomas Førde

Første komande helg blir det sesongopning for årets turorientering i mange delar av kommunen. Sveio O-lag har gjennom fleire månader førebudd sesongen. 100 postar er sett ut i skog og mark frå nord til sør.
Tur-område mellom Viske og Straumen er aldri blitt nytta til turorientering tidlegare. Her er ligg nå 15 postar klar for besøk. Dette terrenget er av lokale eldsjeler tilrettelagt på ein glimrande måte med merka stiar, bruer, gjerdeklyvarar og fleire kulturminneoppslag. Nå kan desse flotte turløypene opplevast samtidig som du kan finna tur-o-postar undervegs.
I nord mellom Vihovda ved E39 og Staupe ved Ålfjorden ligg eit spennande og grovkupert terreng som heller aldri er blitt brukt til turorientering. Nå kan du utfordra deg sjølv med å leita etter postar på høge fjell og i djupe dalar.
Andre tur-o-postar denne sesongen ligg rundt Lierfjell ved Førde, nær turvegen mellom Mølstrevåg og Ryvarden fyr og mellom Vandaskog og Eltravåg.
For dei som vil vitja den nye dagsturhytta, Nipastovo, kan du kjøpa med deg eit tur-o-kart og finna 15 postar langs stien mot hytta.
Nokre av årets postar kjem forsøksvis til å bli utsyrte med QR-kodar som gjer det mogeleg å registrera ditt besøk på posten via mobiltelefon. Ein ny app gjer det dessutan mogeleg å lasta ned kartet på eigen mobiltelefon.
Også dette året tilbyr Sveio O-lag ei særskilt pakke som me kallar Nærtrim/Barnas Tur-o med fire kart og til saman 20 postar som alle ligg i lett terreng med tydelege stiar nær postane.



Vinter-t-O-uren

17.12.20
Bilde av vinterkled Børshovda med SOL logo og Vintertour 20/21

Velkommen til Sveio O-lag sitt nye tilbod, Vinter-t-O-uren 2020/21. 30 postar ligg klar og ventar på besøk. Tilbodet består av to turar fordelt på to ulike kart og terreng. Kart med liste over postane kan du lasta ned og kjøpa via Sveio O-lag si side hos turorientering.no/sveio. Postane står ute fram til 1.mars.
Alle som deltar og som registrere sine postbesøk på nettet, blir med i trekninga om flotte premiar.
Me trekkjer dessutan premiar blant dei som register at dei har besøkt alle 30 postane på Vintertouren.


Årsfesten 12. november er avlyst på grunn av smitte-situasjonen.

11.11.20
Årsfesten 12. november er avlyst på grunn av smitte-situasjonen.
Vinnarar av plakettar, merke og premiar vil bli kontakta direkte.

Sveio O-lag takkar alle som har tatt del i ein flott tur-o-sesong og ønskjer velkommen att neste år!
Merkevinnere for 2020 kan du se her




Hugs å registrera innan 1. november! av Kristian i kategori Turorientering 25.10.20
Tur-o-sesongen er så vidt begynt. av Kristian i kategori Turorientering 29.06.20
Årets kaffipost er ute både lørdag og søndag (6. og 7. juni) av Kristian i kategori Turorientering 04.06.20
Velkommen til sesongstart for turorientering! av Kristian i kategori Turorientering 23.03.20
Jubel og jubileum etter årets o-sesong av Kristian i kategori Turorientering 16.12.19
Velkommen til Kaffipost av Kristian i kategori Turorientering 19.05.19
Rekordmange tur-o-postar klar for besøk av Kristian i kategori Turorientering 08.04.19
Suksess med gulljakt i skogen i 25 år av Kristian i kategori Turorientering 02.12.18
Årsfest fredag 23. november av Kristian i kategori Turorientering 20.11.18
Vår + tur-o = sant av Kristian i kategori Turorientering 21.03.18
Gull og heider då SOL feira 50 år av Kristian i kategori Turorientering 28.11.17
50-ÅRSFEST i Førde Samfunnshus av Kristian i kategori Turorientering 23.10.17
Turorientering 2017 av Kristian i kategori Turorientering 21.03.17
100 gullvinnarar i skog og mark av Kristian i kategori Turorientering 05.12.16
Turorientering Årsavslutning av Kristian i kategori Turorientering 16.11.16
Kaffipost med vellukka marknadsføring av Kristian i kategori Turorientering 29.05.16
Prøv turorientering på Kaffipost av Kristian i kategori Turorientering 23.05.16
Rekordtidleg start for turorientering av Kristian i kategori Turorientering 16.03.16
Årsavslutning av Kristian i kategori Turorientering 08.11.15
Sol over Kaffipost av Kristian i kategori Turorientering 02.06.15
Kaffipost på idylliske Vandaskog av Kristian i kategori Turorientering 29.05.15
Sveio O-lag opnar Friluftslivets år søndag 29. mars med sesongstart for turorientering og med foto-orientering i Rex Graden. av Kristian i kategori Turorientering 23.03.15
Gullrush etter årets tur-o-sesong av Kristian i kategori Turorientering 24.11.14
TURORIENTERING Årsavslutning av Kristian i kategori Turorientering 17.11.14
Kaffipost nær havet av Kristian i kategori Turorientering 26.05.14
Kaffipost i ope landskap mellom Lyngholm og Ryvarden av Kristian i kategori Turorientering 21.05.14
Turorientering frå Lyngholm til Ryvarden av Kristian i kategori Turorientering 23.03.14
Turorientering mot nye høgder av Kristian i kategori Turorientering 25.11.13
Årsavslutning av Kristian i kategori Turorientering 15.11.13
Kaffiposten søndag 8. september av Kristian i kategori Turorientering 12.09.13
Kaffipost med Barne-O-løype av Kristian i kategori Turorientering 02.09.13
Solrik Finn Fram dag med populær maskott av Kristian i kategori Turorientering 16.06.13
Turorientering til Ryvarden av Kristian i kategori Turorientering 17.03.13
Sesongstart TurO søndag 24. mars av Kristian i kategori Turorientering 14.03.13
Mange gullvinnarar i turorientering av Kristian i kategori Turorientering 28.11.12
Tur-o-vinnarane får som fortent av Kristian i kategori Turorientering 23.11.12
Turorientering av Kristian i kategori Turorientering 20.08.12
Fant fram i regnet av Kristian i kategori Turorientering 17.06.12
Finn Fram dagen 2012 av Kristian i kategori Turorientering 13.06.12
Sesongstart for Turorientering søndag 1. april av Kristian i kategori Turorientering 25.03.12
På gulljakt i skogen i 20 år av Kristian i kategori Turorientering 12.02.12
Årsfest, Turorientering av Kristian i kategori Turorientering 05.02.12
Første gong supergull av Kristian i kategori Turorientering 05.02.12
Haustens kaffipost med premiar av Kristian i kategori Turorientering 04.09.11
Kaffipost av Kristian i kategori Turorientering 02.09.11
Sesongstart for Turorientering søndag 10. april av Kristian i kategori Turorientering 07.04.11
Foto-orientering nytt av året av Kristian i kategori Turorientering 05.04.11
Gullrush for unge og eldre av Kristian i kategori Turorientering 14.02.11
Nær 100 fortener edelt metall for 2010 av Kristian i kategori Turorientering 10.02.11
Årsfest av Kristian i kategori Turorientering 25.01.11
Årsmøte 2021:
Sveio O-Lag på nett:

Turorientering på nett
Viktige filer:
Årsmelding 2012
Årsmeldinga 2011
Årsmeldinga 2010
Årsmeldinga 2009
Årsmeldinga 2008